Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Skal me bruka tid og krefter på å vera kreativ, eller skal me bruka kreftene på å kvalitetsikra KI-tekstar? Eg, til dømes, kunne aldri brukt KI til mine tekstar. Til det er dei som oftast alt for langt på sida av etablerte og udiskutable «sanningar». KI er ikkje anna enn eit ureflektert oppkok av ting som er sagt og tenkt før. KI er neppe i stand til kritisk nytenking.
Eg er skeptisk til bruk av kunstig intelligens. Den kan lett verta fornuften sin kapitulasjon overfor maskinen. Dataprogrammet. Dermed er sunn skepsis viktigare enn nokon gong.
I prinsippet: Alle hjelpemiddel, som tekstbehandling, Google og nå KI, kan bidra til kreativ latskap. Det sit lenger inne å forfatta ein tekst heilt på eiga hand, utan dei digitale krykkene.
Alle tekstar må ha eit menneskeleg aspekt, ein avsendar, ein bodskap og ein mottakar. Som mottakar vil eg helst veta at det står eit menneske bak teksten eg skal forhalda meg til.
Det er ikkje stort bedre i det politiske miljøet. I Tromsø er det blitt politisk krise fordi byråkratane har lete KI forfatta eit plandokument. Det handlar om strukturen i skulen. Då er eg redd at at ein del av den planen handlar om å leggja ned skular. Ein kunstig intelligens vil lett berre ta med dei strengt økonomiske sidene, utan å ta med menneskelege sider ved ei eventuell sentralisering. Korleis kan eit dataprogram vurdera verdien av gode og gjennomsiktige miljø der alle kjenner alle, kva med den lokale butikken, grendehuset, og så vidare?
I kjølvatnet av dette viser det seg at KI har fantasi nok til å dikta opp referanser som ikkje fins. I mitt hovud er det ein viss musikk eg kallar maskinmusikk. Nå kan eg snart byrja å snakka om maskintekstar, urørd av menneskeleg fornuft og innsikt. Det kan verkeleg verta tilstandar om me slepper denne greia laus på oss, ukritisk.
Les fleire innlegg av Svein Grødaland på Uten Filter.