An æ ruskjen foto, Svein Grødaland
An æ ruskjen foto, Svein Grødaland.

Kor langt går ytringsfridommen?

Кhrono har gåande ein debatt om Glenn Diesen sine ytringar i det offentlege rom.

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Av Svein Grødaland

Er det innafor å nekta folk talarstol, såkalla No Platforming? Definitivt ikkje. Ei ytring skal møtast med motargument. No platforming har bokbål som sin næraste ideologiske slektning. Det er vel kjent kva bokbåla på trettitalet symboliserte. Sensur, tvang til å stå for dei anerkjente tankane og meiningane. Den andre tvillingbroren til bokbål og sensur, er diktaturet: Den sterke mann eller eliten. I parentes: Sterke politikarar treng ikkje vera av det vonde.Tvert imot. Det trengs kanskje ein sterk politikar til å navigera i ureint farvatn med litt for mange skjær i sjøen.

Vert det praktisert No Platforming i Norge? Definitivt ja, både opp i dagen, og ved at media ikkje brukar dei kritiske røystene. Dermed har eliten einerett på dei rette tankane.

***

Media (Кhrono) har gåande ein debatt om Glenn Diesen sine ytringar i det offentlege rom. Det handlar om hans kunnskap om russiske forhold, og ytringar omkring dette. Debatten går mellom anna på nettsida Chrono. Innlegget tek utgangspunkt i denne debatten med nokre tankar om det prinsippielle ved å ytra seg.

Mange som ytrar seg i strid med main stream opplever ulike former for trakassering, frå å verta kalla Putinist til aktivt å verta nekta talarstol i ulike fora. Det finns alltid eit skjellsord som kan brukast mot avvik; Putinist, Antivaxer, konspirasjonsteoretikar til Tinnfoliehattar. Ved å ta med det siste, kan ein stempla kritiske ytringar som konspirasjonsteoriar.

Ein konspirasjonsteori kan vera ein udokumentert mistanke om at einkvan har ein agenda for det offenlege, og ein annan bak lukka dører. Eller, det reine vrøvl.

***

Eg skal gje Main Stream rett i ein ting: Det fins ein underskog av rare ting, skjellsord og trakassering i ulike fora på Facebook. Desse skader vår sak ved å gje dei rettruande vatn på mølla. Eg er sjølv blitt kalla putinist fordi eg prøver å balansera tankane omkring krigen i Ukraina ved å sjå litt lenger (bak) enn dei offisielle kjeldene. Det fins seriøse aktørar på nettet som supplerer og kan gje eit meir nyansert bilete av det som skjer.

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.  

Ikke glem

Hva skjedde med Glenn Diesen?

Hva skjedde med Glenn Diesen?

Under Pol Pot risikerte man å bli drept om man
Foto fra Hinkles og Diesens X profiler.

Trumps trusler virker ikke mot Russland

Gode spørsmål fra Jackson Hinkle, gode svar fra Glenn Diesen