Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
Høgdepunktet i Klassekampen kvar helg, er Solveig Aareskjold si vesle spalte, litt om ditt og litt om datt. Ho har alltid ein overraskande vri om bortimot kva som helst.
Sjølv har eg det slik at eg ikkje er så glad i skribentar der det er nok å sjå tittel og forfattar for å veta kva teksten handlar om. Eg er livande redd for å havna i den grøfta.
Nok om det: For ein del år sidan spissformulert ho seg om Bibel og religion: Bibelen ville vore langt meir interessant hvis ein fjerna religionen. Ho kan ha rett i det.
Ein ting er at desse tekstane er tett integrert i vår europeiske kultur.
I mi lærartid kunne det henda at elevane spurde kvifor dei måtte ha kristendomsskunskap. Svaret mitt var enkelt, ein skal som kjent ikkje vifta med si eiga tru eller vantru i skulen. Prøv å løysa eit norsk kryssord uten kjennskap til Bibelen, var mitt standard svar. Eg kunne halde fram: Mange ordspel, ordtak og talemåtar har sine røter i Bibelen.
Men så var det religionen. Eg har gjennom utdanning og miljø ein viss kjennskap til både teologi og miljø. Det eg ser, er at desse to tinga ikkje heng saman. Den truande må hoppa bukk over ganske mange prinsipp og føringar i Bibelen for å få religionen til å stemma med eigne synspunkt.
Nå som eg er på utsida av det religiøse miljøet, kan eg ausa fritt frå Bibelen og anvenda den på aktuelle politiske saker. Til dømes dette opplagde: Kor plasserte Jesus seg i samfunnet? Han var definitivt ikkje på makta si side, korkje den religiøse eller den verdslege. Dette hoppar dagens religiøse elegant bukk over når dei kan få seg til å støtta ein høgreorientert politikk. Det same med religionen: Det var den religiøse makta som ivra mest for å få han vekk.
Dagen i dag handlar både om frihet og om å leva under tvang. I 1940 kom tvangen med våpenmakt. Dei siste par åra har vist at våpen er bortimot makteslause. Det fins meir subtile metodar. I dag er våpena ideologiske. Svake statar, som Frankrike, Tyskland, med fleire, møter politisk opposisjon med juridiske metodar.
Faren i dag er ideologisk. Det er sterke krefter i samfunnet som dyrkar tvang og einsretting. Dei kan vera små, men klarer å setja dagsorden på ein måte som gjer det vanskeleg å ta ein debatt. Etiketten xxxx-fob sit laust. Desse kreftene, om dei er aldri så små, vil omforma samfunnet i si retning. Dei har langt på veg klart det. Taparen er det frie ordet og den frie tanken. Kampen om den niende april er ikkje over.
Les meir av Svein Grødaland på Uten Filter.