Eit kråkeliv er tidlaust, heva over alle politiske revestreker, foto av Svein Grødaland
Eit kråkeliv er tidlaust, heva over alle politiske revestreker, foto av Svein Grødaland.

Kan me styra politikken, eller er det noko som vert påført oss av andre?

Nato vart ein sentral del av politikken. Alt den gongen sette USA nokre krav bak si støtte til utbomba europeiske statar.

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Av Svein Grødaland

Eg er ikkje sikker på om den første tanken som slår meg, er det rette. Kunne me hindra invasjonen i april 1940 ved hjelp av politikk? Neppe. Det vart til slutt Tyskland som invaderte oss. Det kunne like gjerne blitt England. Då var England alt i krig med Tyskland. Dei såg med uro på Norge sin evne til å handtera nøytraliteten. Kanskje det var bedre å slå til først.

Korleis hadde me reagert den gongen om det vart England som invaderte oss? Det var ein tredje faktor i dette landskapet: Mange i Norge var redd for at Sovjet skulle gjera seg gjeldande. Erobra oss. Eg veit at mange bønder var redd kommunismen, redd for at dei skulle koma og ta frå folk gardane sine og omdanna jordbruket til store kollektivbruk. Denne tanken var ennå levande år etter krigen. Det var ein del miljø som såg på Tyskland som eit vern mot ekspansiv kommunisme.

Arbeidarpartiet var svært radikalt i starten. Reiste til Moskva og møtet leiande kommunistar. Partiet valde ei ny linje etter den berømte Kråkerøytalen i 1948. Det vart etablert ein skarp front mot kommunistane.

Då valde partiet Vesten og dei vestlege verdiane. Nato vart ein sentral del av politikken. Alt den gongen sette USA nokre krav bak si støtte til utbomba europeiske statar. Det vart sagt at formålet med Nato var å halda Tyskland nede, Sovjet ute og USA inne.

Tilbake til hypotesene: Kva om det hadde vore England som hadde invadert oss? Ville me reagert på same måte, ynskt England velkommen som okkupasjonsmakt? Eg veit ikkje. Slaget om Altmark i Jøssingfjorden vart brukt for det var verd av tyskarane. Norge var ikkje nøytralt. For oss var Altmark ei markering mot Tyskland, til fordel for England.

Forfattaren Jan Guillou er ikkje nådig i sin omtale av engelskmennene si framferd i Afrika under første verdskrig. Dei tyske soldatane får eit bedre skussmål.

***

Kanskje poenget med denne vesle betraktninga er dette enkle: Ingen ting er svart eller kvitt, ikkje berre destruktivt eller byggjande. Biletet er ikkje berre svart eller kvitt. Politikken har lett for å verta eit enten eller. Ikkje både og. Vårt verdifelleskap, vesten, er i krig to stader. Begge stadene har vesten, les USA, makt til å stansa krigen ved å la vera å selja våpen til ein av partane.

Så får me ny president i USA, og nye kriser ramlar over oss. Det kan seiast mykje rart om Trump. Akkurat nå er meiningane sterke og forvirringa stor. Sjølv ideen kan vera god, er det ikkje vanskeleg for fornuftige folk å peika på at det ikkje er praktisk mogleg å leggja om eit samfunn over natta på den måten Trump vil. Det vil ta år å byggja opp eigen industri som kan erstatta import.

Forstått som angrep på globalismen, støttar eg Trump sine intensjonar. Globalisme og frihandel er bra for kapitalen, mindre bra for arbeidsfolk på golvet. Det ligg i globalismen sin natur å pressa pris til fordel for kjøpar. Den som betaler, er dei tilsette.

For å starta der eg byrja: Dette er noko som skjer med oss, utanfor vår politiske kontroll. Eit av mine spørsmål er dette: Er me på den rette sida av historia sin dom? Eg er slett ikkje sikker.

Siste fra Blog