Bråk i idretten
Eige foto.

Bråk i idretten

"Interessen for idrett er på retur. Færre ser idrett på TV, og interessen i form av omtale minkar"

Av: Svein Grødaland

Interessen for idrett er på retur. Færre ser idrett på TV, og interessen i form av omtale minkar. Ski-idretten opplever sponsortørke.

NRK melder vidare at det er for få profiler som byr på seg sjølv og skaper gode mediasaker litt på sida av sjølve idretten. Petter Nordtug hadde alltid noko moro på gang. Litt var ikkje fullt så moro. Det vart oppslag likevel. 
Det er ein grunn til, som ikkje så ofte er nemnt. I min ungdom var det så lite idrett at folk fekk tid til å gle seg til neste hending på radioen. Då fjernsynet kom, kunne far finna på å sjå biletet på skjermen, og henta lyden frå radioen. Det var litt meir fres over reporatane som ikkje kunne støtta seg på biletet. 

Nå er idretten i den grad overeksponert, i fleire kanalar, som folk kan gje opp med å leita etter sin idrett. Der interessen er litt lunka frå før, skal det lite til før det vesle som var av interesse, er historie. 

Det er ein ting til. Idretten er så kommersiell og så fullt av støtteapparat, at det ikkje lenger er sikkert at den beste vinn. Nå er det den som har det beste støtteapparatet og mest pengar som vinn. Norge er gode på desse tinga. Satirikaren Odd Børretzen syn litt ironisk om at idretten har ein meteorolog på det lågaste punktet, og ein på det høgaste, som skal rapportera til trenar og leiar. For at andre ikkje skal få nytte av opplysningane, snakkar dei i kode.

I dag vert det eksperimentert i nye sko og bedre ballar til fotballen slik at me har eit lite teknisk forsprang. Kva om det burde vore uavgjort, og at det laget som hadde den beste ballen likevel vann med nokre millimeter bedre mål?

Eg går heller ein tur. Det er langt bedre for helsa enn å sitja i sofaen og sjå på andre som spring etter ein ball, eller over snøen med plastpinnar på beina.

Ein ting til. Ein herre, kalla Infantino, vil laga ein superliga i fotball. (NRK). Ein liga for dei beste klubbane. Eit VM for klubblag. Han møter den verste motstanden av alle: Total mangel på interesse. Ingen TV-avtalar, heller ingen sponsorar som vil bidra.

Kvifor skulle dei det? Det er nok idrett på TV, nok overbetalte fotballspelarar. 

Foto. Her er det god plass for meir fotball. Her er det ingen slitasje på graset, bortsett frå klipping av plen. Politisk idealisme står bak denne og fleire liknande banar. Dei tok feil. Dei unge bryr seg ikkje om uorganisert fotball. Eg kunne sagt mykje meir om dette. Får sjå ein annan dag.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.