Foto: Eit velfyllt bibliotek. Her fins også eit par bøker av Jon Fosse.
Foto: Eit velfyllt bibliotek. Her fins også eit par bøker av Jon Fosse.

Om nobelspris i litteratur og suksess i skiløypa

Det ville vera ein stor skandale om nobelprisen i litteratur gjekk til ein norsk forfattar.

Av Svein Grødaland

Det ville vera ein stor skandale om nobelprisen i litteratur gjekk til ein norsk forfattar. Knausgård er blitt nemnt som aktuell kandidat. Det er Knut Hoen, NRK, som melder dette. Kvifor? Svaret er interessant: Då ville me ha fått meir enn vår rettferdige andel av denne prisen.

Knausgård hadde fortent ein pris for sitt forfattarskap. Han ville kome i selebert selskap med Bjørnstjerne Bjørnson, Sigrid Undset og Jon Fosse.

Overrepresentert, seier Hoem.

Ingen tenker på det når norske idrettsfolk feier over banen og sopar med seg langt meir enn sin rettferdige andel, rekna ut frå folketal. Me er eit lite land, og kan ikkje vera best i alt. Det norske idrettspublikummet er svikefullt. Det er stas så lenge idretten deira gjer det godt. Eg hugsar frå barndommen at far sat klistra og fekk med seg både rundetider og resultat. Alle visste om dei store stjernene, Hjallis, Kupper’n, Fred Anton Maier og mange fleire. I dag har eg ikkje peiling på eit einaste namn i den idretten. Det er meir interessant enn plagsomt.

Vinteridretten er inne i ei eksistensiell krise. Sponsorane mister interessen, og overprisa arrangement er å kostbare at små, norske TV-selskap ikkje har råd til å vera med på dansen rundt medaljane. Som me ventar å få meir enn vår rettferdige del av.

Er det rettferdig overfor utlendingane at me brukar eit titals millionar på å utvikla ski med bedre gli? Legalisert juks, vil eg påstå. Ein konkurranse mann mot mann, på like fot, krev at alle har tilgang på det same utstyret.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.