Tapt barndom?
Eige foto.

Tapt barndom?

Skulestatsråden opnar opp for diskusjon omkring kvantum og kvalitet i skulen.

Av Svein Grødaland

Han er berre fem år, vert seks år om eit par månadar. Han har byrja på skulen, og får spørsmålet om korleis han likar seg der.

Svaret kjem kontant: Kjedelig.

Skulestatsråden opnar opp for diskusjon omkring kvantum og kvalitet i skulen. Den debatten burde vore teken for lenge sidan. I staden har ei helt anna haldning rådd grunnen i mange skular og mange kommunar. Det vert uttrykt i det styggaste ordet eg kjenner når det handlar om skule: Læringstrykk. Rektorar som masar på lærarane sine om at dei må halda oppe læringstrykket.

Læring handlar både om kunnskap, om innsikt og om modning. Det siste kan ikkje forserast. Det vert omlag som gartnaren som dreg litt i spirene for å få dei til å veksa fortare. Det er destruktivt.

Kanskje eg skal snakka litt om meg sjølv? Eg vaks opp på bygda, som odelsgut på ein middels stor gard på Jæren. Det viktigaste eg lærte i barneåra, var å finna på ting sjølv, engasjera meg sjølv. Foreldra mine hadde lite tid til å leika med oss, langt mindre tid til å passa på. Me lærte etter kvart kva som var lite lurt, eller farleg. Berre den store vegen rett bak løa, var tabu. Forbode område.

Den dagen eg fyllte sju år, steig eg inn i skulestova for første gong. Eg visste lite kva skule var for noko, endå mindre om lekser. Den boklege ballasten den dagen, var at eg kunne alle bokstavane. Me fekk bokstavkjeks, og forvitne som me var, var det naturleg å spørja kva dei heitte.

Me gjekk annankvar dag på skulen i den tida, tre dagar i veka. Eg har aldri likt å gjera lekser. Det måtte gjerast likevel.

I dag har eg gjort unna både grunnskule, gymnas, lærarskule, yrkesliv, og er nå pensjonist. Har vore litt av kvart; bonde, lærar, journalist, assurandør, miljøterapeut, forfattar.

Borna skal førebu seg på dette livet. Kva treng dei? Ikkje data eller edb. Ikkje få alt servert på fat av stressa foreldre som ikkje trur dei er gode nok, gjer nok. Elevane må få lov til å finna ut ting, utan læringstrykk. Dei må få oppdaga balansen mellom å tena pengar på den eine sida, fornuftig bruk på den andre. Dei bør kunna formulera seg skriftleg, med blyant og papir. Det er bra å kunna rekna litt. Eg vil påstå at me lærte meir om tal og reknestykke den dagen faget heitte rekning. Matematikk er ei akademisering av reknekunsten. Me lærte å stilla opp reknestykke, I mi tid som lærar vart det brukt bøker der dei berre kunne fylla inn svaret. Ingen lærer å rekna av slikt, langt mindre matematikk. Ikkje rart at våre elevar gjer det dårlig når ambisjonar og opplegg handlar om å akademisera reknekunsten til mangel på kunnskap om elementære ting.

Kanskje me skulle stilla både klokke og kalender ein del år tilbake? Kasta ut nettbrett og datamaskinar. Dei er nyttig verktøy når det grunnleggjande er lært. Ikkje før.

Ein ting til: Læra dei å ikkje tru på alt dei ser og høyrer. Det er noko som heiter fornuftkontroll. Eg lanserte den i reknetimane i mine klassar. Ser svaret fornuftig ut? Hvis ja, er det truleg rett. Det same om samfunnet, politikken, media. Er det nokon som har ein underliggjande agenda? Noko som strir mot mine verdiar, strir mot fornuften? Propagandistane er livredd fornuftkontrollen. Den kan velta ein godt gjennomtenkt kampanje for kva som helst.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.