Ei interessant meiningsmåling

Ei interessant meiningsmåling

Høgre og Ap taper terreng. FrP troner på topp som det største partiet i Norge.

Av: Svein Grødaland

Det er den sentrale tendensen over litt tid. Nå ser me det på trykk.

Det er ikkje så rart når Ap og Høgre taper terreng. Dei har gøymt seg bak retorikk, eller sete heilt stilt i båten i von om at ingen oppdagar kva dei står for. Desse to partia er siamesiske tvillingar i viktige saker som utanrikspolitikk. Begge vil selja oss til EU med fullt medlemskap. Mitt store mareritt er at desse to rottar seg saman og gjennomfører galskapen.

Ei interessant meiningsmåling
Kilde: Nettavisen

Eg trur den viktigaste grunnen til FrP sin framgang, er dei to store partia si skuld. Dei har over lengre tid ført ein politikk folk flest ikkje vil ha. Stikkord: Migrasjon. Innvandring, spesielt frå land med stor kulturell og religiøs avstand til våre verdiar. Når det gjeld migrasjon er det ingen parti som har eit klarare standpunkt ennFrP.. Det mest brukte tåketeppet er at dei som kjem, er “flyktningar”. Det store fleirtalet er ikkje det.

Eit sidemoment: Når me sender ut bomber og soldatar til utlandet, resulterer dette ofte i at me får migrantar i retur. Raidet mot Libya opna dei store slusene for ulovleg migrasjon over Middelhavet. Ukraina er eit anna stikkord. Dei som har kome seg ut av Ukraina, har hatt ressurser til det. Økonomi, kontaktar. Me veit at Ukraina som nasjon er i verdstoppen med omsyn til korrupsjon. I dag er det slik at det verste som kan skje ein ukrainer, er at han vert tvangsrekruttert til det militære. Spørsmålet har blitt reist om me skulle returnera menn frå Ukraina til heimlandet og deretter til det militære.

Mitt tyngste argument mot FrP er den liberalistiske profilen. Eg likar ikkje tanken på reduksjon av både skatt og velferdsamfunn. Desse tinga heng saman. Skal FrP vera truverdige i økonomisk politikk, må dei vera tydelege på kor det skal sparast.

Eg kunne tenkt meg eit parti som er mot den krigspolitikken alle partia diverre er samde om. Me løyver store summar for å rasera eit anna land; Ukraina. Me går på tå overfor eit USA som ukritisk forsyner eit land i Midtausten med nok bomber og granatar til å driva folkemord i stor stil.

USA og Nato. Nok eit par siamesiske tvillingar. Utan innblanding frå desse hadde desse krigen vore over for lenge sidan. Aller helst burde me melda oss ut av Nato på grunn av organisasjoinen sin ekspansive og aggressive politikk.

Av småpartia er det likevel Raudt og SV som står meg nærast. Heller ikkje der er ting som det bør vera. Det er ein del rare, uheldige sider ved den erklærte feminismen på venstresida. Det er lov å ha to kvinner på topp på Raudt sine lister, men ikkje to menn.

Venstre har markert seg som krigspartiet framfor alle andre. Kvar gong eg ser leiaren på skjemen med sine hatske utfall, veit eg at det var bedre tider i Skei Grande si tid.

Miljøpartiet er forblinda av klima. Utfordringane ligg heilt andre stader; naturvern, overforbruk av ressurser, kjemisk forsøpling via plast, etc. Her er nok å ta av.

KrF fekk nok ein nedtur då Bollestad vart pressa ut. Nedtur nummer to er at dei diskuterer kor vidt unge og lovande Rasmus Hadle Bjuland er verdig å stå på førsteplass. Med han på førsteplass skal eg vurdera å stemma på unge og lovande Bjuland.

Senterpartiet har alltid vore det partiet eg har vendt tilbake til. Det er jordnært og traust, opptekne av viktige ting. Det får ikkje hjelpa at dei i alt for stor grad har tilpassa seg ein håplaus Ap-politikk.

Kor eg ender i dette kaoset? NKP, kanskje? Redningsplanken har ofte vore Senterpartiet, det trauste, jordnære og skeptiske til slaveband overfor utlandet, les USA / EU.

Og så held eg KrF som outsider med unge Bjuland på toppen av lista.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.