Illustrasjon: Eige maleri
Illustrasjon: Eige maleri

Fascist?

"Det er litt for billig retorikk å kalla alt ein ikkje likar for fascisme"

Av Svein Grødaland

Det er litt for billig retorikk å kalla alt ein ikkje likar for fascisme. Som til dømes Donald Trump. Eller andre som insiterer på gammaldagse haldningar. Eg har høyrt ordet kjønnsfasiscme. Det må handla om alle oss som framleis trur det berre er to kjønn, mann og kvinne.

Det er i grunnen genialt. Kan ein bruka etiketten fascisme, treng ein ikkje forklara meir. Alle veit at fascisme ikkje er bra.

Eg er heilt sikkert fascist på ein del område. Eg trur framleis at jorda er rund, og at demokrati handlar om at kvar mann og kvinne har same retten til å seia si meining. Historia fortel at ny innsikt alltid møter skepsis hjå dei etablerte. Det er svært lett å henfalla til gammal kunnskap når forskinga tek eit steg vidare. Konsensus vil alltid verna det som var. Det som “alle” veit etter å ha blitt bombardert av informasjon frå makt og media.

Nå for tida er det to tema som peikar seg ut. Det eine er krigen i Ukraina, den som vert kalla “fullskala” av våre media. Den andre saka er påstanden om at me øydelegg klimaet ved å fyra med karbon. Olje, gass, kol, ved.

Alle forsøk på sakleg informasjon, stilla spørsmål, vert møtt med påstanden om at eit stort fleirtal forskarar ikkje kan ta feil.

Ikkje det? Kven hadde rett då Copernicus lanserte det heliosentriske verdsbiletet? Det store fleirtalet som ennå heldt på det geosentriske verdsbiletet? Faktisk ingen av dei. I dag veit me litt meir. Korkje jorda eller sola er sentrum i universet. Poenget er at sanninga ikkje kan etablerast ved fleirtalsvedtak.

Det gjeld også teorien om den globale oppvarminga. Meir om det ein annan dag. Om krigen i Ukraina er det berre det å seia, at Ukraina og Nato framleis held fram med å tapa den krigen. Det hjelper ikkje at våre media seier noko anna, og at Zelenskij fer rundt som ein duracellkanin for å tala si sak. Eg er ikkje så sikker på om det er Ukraina si sak.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.