Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Av: Svein Grødaland
Kva er det med Israel, sidan folk har så sterke meiningar omkring landet? Mange orkar ikkje debatten fordi svermen av sinte kommentarar vert så enorm. Eg er positiv til jødane som folk, og burde vore det overfor landet Israel. Eg har trass alt vore kontaktmann for Israelsmisjonen, knytt til eit av bedehusa på Jæren.
Det er ikkje så enkelt lenger. Eg ser tre perspektiv omkring Israel. Det er vanskeleg å halda tunga beint omkring konfliktene i Midt Austen dersom ein ikkje har fleire perspektiv på situasjonen.
1) Det religiøse perspektivet.
Det er stort sett dette som vert brukt av dei som støttar Israel. Dette perspektivet strekker seg frå to til tre tusen år tilbake, til patriarken Abraham som fekk lovnad om eit land Herren ville visa han. Abram tok ut med alt sitt frå Ur i Kaldea til Kanaan.
I 1. mosebok kap 12 kan me lesa: Og jeg vil gjøre deg til et stort folk, og jeg skal velsigne deg og gjøre ditt navn stort: Du skal bli til velsignelse. Og jeg vil velsigne dem som velsigner deg, og dem som forbanner deg, vil jeg forbanne.
Eg kan forstå at det ikkje er lett for ein ærlig kristen å vera skeptisk til Israel ut frå dette teksavsnittet.
Eg trur ikkje det er så enkelt, at dette skal lesast bokstavleg. Det er tre periodar der Israelsfolket vart jaga ut i diaspora: Åra i Egypt, det babylonske fangenskapet og raseringa av tempelet og byen Jerusalem år 70. Den siste diasporaen varer ennå. Heile folket har ikkje vendt tilbake sjølv om det er etablert ein stat kalla Israel. Teologien kan ikkje slå fast at det som skjer i dag, er etter det profetane i GT har spådd. Etter profetiane, er det Gud som skal senda Messias og frelsa folket, ikkje politikken. Regjeringa.
Dermed er me over på neste perspektiv: Det politiske.
Norge var eit av landa som ivra sterkast, med sterk støtte frå USA for å etablera staten Israel. Norge var nok prega av naiv sympati med jødane etter krigen. USA hadde ein annan baktanke: Eit festepunkt i Midt-Austen dei kunne lita på. I alle år etter 1948 har Israel vore USA sin forlenga arm. USA har i alle år rusta opp og finansiert Israel. Landet hadde neppe klart seg utan den hjelpa. I tillegg til dette, har USA sterke pro-Israel lobbyar. Det er ikkje lett å vinna eit valg i USA utan støtte frå desse. Kristensionistane supplerer den jødiske lobbyen og demmer effektivt opp mot alle forsøk på å halda Israel i øyrene. Kristensionistane reknar fullt ut med at når Israel er samla, vil Jesus koma tilbake i skya og frels sine, slik ein kan lesa om det i første kapittel i Apostegjerningane. Der får dei skråsikre ei lita åtvaring: (v.7) Det er ikke deres sak å kjenne de tider og stunder Faderen har fastsatt. Med andre ord: Det er eit heilt ope spørsmål om oppretting av staten Israel skjedde i samsvar med Bibelen.
Dei historiske perspektivet
Her kan me ta opp tråden etter Jerusalem sitt fall år 70. Jødane hadde gjort opprør mot romerane. Dette vart slege tilbake på knusande vis. Både jødar og kristne vart spreidde. Jødane var på ny i diaspora. Utanlands. Etter denne dagen har dei kvar påske heva glaset og sagt: Neste år i Jerusalem, utan at det vart gjort så mykje meir.
Jødane har ei lang historie med uvilje, forfylgjing, isolasjon i ghettoar, drap og plyndring. Dette toppa seg under nazismen.
Sionismen byrja ikkje med Hitler og holocost. Ideen om ein eigen stat skriv seg tilbake til Theodor Herzl på slutten av 1800-talet. Rørsla hans, sionismen, var ikkje religiøst fundert. Så vidt eg veit, har det alltid budd nokre få jødar i området. Etter århundreskiftet byrja europeiske jødar å kjøpa opp land. Etter kvart gjekk dei over til å annektera land.
Staten Israel vart etablert i 1948. Alt den gongen insisterte landet på å ha flytande grenser mellom Israel og Vestbredden, for lettare å kunna forsvara nye busetnadar. Israel har konsekvent neglisjert alle vedtak i FN som har peika på lovbrot i forhold til Vestbredden. Det er ikkje i strid mot folkeretten å øva motstand mot ein okkupant. (Israel). Dette har eskalert til full krig 2023 med Hamas sitt angrep på Israel. Netanyahu lova ein hevn igen før hadde sett maken til, og dette i gang det me nå ser i Gaza. Dette har eskalert til krig mot Hizbollah i Libanon og Iran.