Kor lenge kjem Adam til å vera i paradis?
Foto: Kor mange fluer kjem det til å verta i Trump sitt kabinett?

Kor lenge kjem Adam til å vera i paradis?

Det er ein ting med Trump. Sersjantane hans kan visa seg å verta noko heilt anna.

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Av Svein Grødaland

Det er ein ting med Trump. Sersjantane hans kan visa seg å verta noko heilt anna. Gode kjelder melder at det kan verta plassert militære haukar på strategiske postar i statsapparatet.

Kva med ein CIA-direktør som er tilhengar av vide fullmakter til statleg overvaking? Som er Anti-Kina hauk, som ser Kina som det største trugsmålet mot demokrati både i USA og resten av kloden? Kva med hans komande overordna, som ser fram til å kunna vera eit medlem av Trump sitt kabinett for å forsvara sikkerheten til det amerikanske folket. (Kjelde: Dave DeCamp)

Mange av oss her heime såg for oss at me skulle få eit mindre krigersk USA med Trump. Nå spriker dette. Vil desse folka halda fram i gamle spor med overvaking, undergraving, hjelp til rosa revolusjonar? Berre tida vil visa.

Det seiest at Trump er impulsiv. Han er ikkje mannen med dei lange linjene og den grundige oversikten. Trump held seg til bilaterale kontaktar, land mot land. Slik sett er han på linje med BRICS, som også arbeider med tosidige avtalar. Trump er forretningsmannen som kan finna på å gjera ein avtale over bordet, der og då. Kombinasjonen av slu revar og ditto haukar mot ein impulsiv Trump kan skapa mykje interessant for seriøse journalistar. Det kan verta nok å ta fatt i for utanriksministrane worldwide.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.