Upassande?
Foto: Mørke skyer

Upassande?

Kva er upassande ved å snakka så folk forstår? J.D. Vance sin tale til nato-toppmøtet skapte bølger.

Dette er et leserinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Av: Svein Grødaland

Den tyske forbundskanslaren vart provosert. Han likte ikkje at Vance kalla muren mot AfD (Alternativ for Tyskland) for sensur.

– Vi vil ikke akseptere at utenforståande grip inn i vårt demokrati, i våre valg, ved å forsvara dette partiet sin rett til å fremja sine saker, seier Scholz. (NRK / Reuter)

***

Ordvekslinga er interessant av fleire grunnar. For det første reiser det spørsmål omkring våre eigne haldningar til den lovpriste fridommen til å ytra seg. Me er på god veg inn i tvilsomt terreng ved å laga lovverk mot det me kan kalla minoritetshat, retta mot spesifikke minoriteter. Då er vegen kort til sensur og straff også mot saklege spørsmål retta mot minoriteten. Kritiske vurderingar er ikkje hat.

Så kan me undra oss over kor om folkevalde kunne ha bruk for eit lovverk til vern mot plagsomme sanningar frå andre. Dei er på ein måte ein minoritet mellom alle oss andre. Samkvemmet mellom nasjonane er som regel dominert av runde formuleringar, antydningar, for at ikkje nokon skal føra seg støtt på mansjettane. Diplomati kallar dei det.

Nå har USA ved visepresidenten trampa inn på arenaen, utan tanke på runde formuleringar i samsvar med diplomatisk sedvane. Resultatet let ikkje venta på seg.

***

Eg er freista til å ta ein tur innom Bibelen. Dei fleste av oss kjenner forteljinga om Urias, David og Batseba. Urias fall i kamp, og det ar fritt fram for David å ta Batseba til kone. Greitt, sett på overflata. Ein regelryttar ville anerkjent dette. Men ikkje Vårherre. Han sender profeten til kongen med ei lita, diplomatisk forteljing.

– Den mannen skal straffast, seier kongen.

– Du er mannen, svarte profeten.

***

Kong David erkjente sine feilgrep. Så kloke er ikkje dei fleste av politikarane våre i møte med ein porsjon “reine ord for pengane”. Me reagerer med sinne på bodberaren i staden for å sjå om det kunne vera noko i det han sa. Det skal mykje til at våre folkevalde er like kloke som Kong David.

Les mer av Svein Grødaland

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.