...
Funderingar
Eige foto: Grødaland

Funderingar

Vitskapen kan fortelja at dersom jordkloden vart pressa saman til kompakte atom, ville den vera omlag så stor som ei appelsin.

Det me oppfattar som solid grunn under beina, er i røynda meir ingen ting enn materie. Fast stoff.

Det fins med andre ord ei kraft som held dette i gang, med atomkjerner og elektronar som går i bane rundt kjernen. Kvart atom har sitt mønster med elektronar, nokre stabile, andre reagerer lett med andre atom og dannar molekyl.

Eg har av og til fabla om solsystemet vårt kan samanliknast med eit slikt atom. Ein kjerne, sola med ei litt udefinerbart mengd planetar og asteroider. Kanskje er atoma solsystem i miniatyr? Kunnskapen er ikkje nok, her trengs det meir vitskap. Eller?

Mennesket er desperat etter å forstå dei store samanhengane.

***

Det fins stader der atomer er komprimerte til kompakt masse, a la ein jordklode så stor som ei appelsin. Me snakkar om svarte hol, der tyngdekrafta er så stor at ikkje eingong lyset klarer å sleppa fri. Astronomane har registrert at dei fins, langt der ute. Me snakkar om materie, atom, og krefter som får dette til å fungera. Tyngdekrafta er ei av kreftene. Ei anna kraft held atom og molekyl i bane og system. Når alt er i likevekt, merker me ikkje så mykje til dei. Når me byrjar å rokka ved desse kreftene, kan me setja i verk eit helvete om dei vert misbrukt. Atombomber. Atomkraft. Det hadde vore bedre for oss om me ikkje visste om dette. Vitskap og forsking kan til tider vera destruktivt. Kontrollert kan visse atom brukast som energi. Uran og hydrogen. Sola er ei saktegåande hydrogenbombe. Den må ha ufattelege mengder energi i seg, somkan halda det gåande i millionar av år. Det andre er at det indre av jordkloden er flytande, og at dette er nødvendig for alt liv på jorda. Mars er ein daud planet fordi den manglar indre varme. Ein kjerne.

***

Ein dåre kan som kjent spørja meir enn ti vise kan svara. Dersom det fins ti vise på denne kloden. Dårskapen har i alle fall gode kår. Krig er dårskap, jakt etter makt det same. Eg kan på ein måte forstå at nokre har lyst til å emigrera til mars, sjølv om kost / nytte verdien er forsvinnande låg.

Når eg ser på dei kosmiske kreftene, uforståelege og enorme, må eg undrast. Mennesket i sitt hovmod trur at me kan kontrollera og styra alt. Det kan me ikkje. Det er heilt andre krefter som til dømes styrer klimaet på kloden. Kunnskapen veit at det vekslar mellom kalde og varme periodar. Me veit også at varme tider er bedre tider, medan nedkjøling kan verta katastrofalt. Det går i syklusar. I dag er forskinga delt i to leirar: Den eine registrerer at me går mot kaldare tider, den andre har via datamodellar funne ut at det går mot varmare tider og katastrofe.

I mellomtida er livet godt å leva. Tida vil visa kva som er sant. Som det står i Skriften: Eige strev kan ikkje leggja til ein einaste alen. (historisk lengdemål)

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.