...
Foto: Fotballbane utan fotball.
Foto: Fotballbane utan fotball.

Fotball, ein idrett på hell?

"Eg vaks opp med dagleg forball på skulen. Me var ikkje så mange, men mange nok til at me valde to lag som skulle spela mot kvarandre."

Av: Svein Grødaland.

På våre vandringar ser me ofte dette: Ei fotballøkke, klar til ivrig leik med ballen. Det er fleire av dei, like jomfruelege og ubrukte alle saman. Det seiest at det var meir aktivitet i starten. Men nå?

Ein kan berre spekulera over kvifor det er slik. For fotballen er på ingen måte gløymt, i alle fall ikkje som sofa-idrett for fansen. Det er EM, med daglege rapportar på fjernsynet. Det vert kommentert over kva og kvifor og kvifor ikkje. Dersom dei tome fotballbanane er representative for interessen, går fotballen dårlege tider i møte.

Kvifor er ikkje borna her, med ein ball og ein kompisgjeng? Er det fordi barndommen er profesjonalisert, vaksne har teke over styringa? Er det rom for komande generasjonar å ta eigne valg, eigne initiativ? Eg er skeptisk når eg ser utviklinga. Nå skal det vera lag som spelar mot andre lag frå andre stader, organisert av idretten.

Eg vaks opp med dagleg forball på skulen. Me var ikkje så mange, men mange nok til at me valde to lag som skulle spela mot kvarandre. Ein fotballbane som den på biletet, hadde vore det reine paradis den gongen.

Eg høyrer kanskje til den siste generasjonen som fekk utvikla oss gjennom eigne initiativ, laga våre eigne leiker og finna på små fantestykke. Tre litt sykkelslange på eksosrøyrer på ein bil, til dømes. Det skal laga ein karakteristisk lyd med litt sykkelslange på eit eksosrøyr.

Spøk til side. For det første: Det er fint med dei grøne lungene i eit nedbygd landskap. Det er reine vandalismen å overlata desse til entreprenørar som set opp det eine huset, styggare enn det andre. I parentes: Arkitekt-studentane byrjar å opponera over å måtta laga kaninbur til menneske. Litt meir eleganse, litt meir harmoni, takk.

Det aller beste ville vera å få borna tilbake til leiken. Dei treng det.

Nok ein parentes: Mange politikarar trur at born i utsette miljø treng ein aktivitet, noko organisert, så dei ikkje finn på alvorlegare ting enn me gjorde i min ungdom. Dei som burde vore på fritidsklubben i staden for å gjera noko galt, vil truleg heller ha det frie livet med kameratar, utan for mykje vaksen innblanding.

Kva med å ta med seg eit teppe, brus og kaffi og litt å bita i, og bruka desse banane til picnik? Kva om fleire gjorde det same, og det vart eit miljø. Det var ikke det som var tanken i utgangspunktet.

Eller, la hundefolket få eit par av banane dei dei kunne sleppa laus hundane sine. Hundar er sosiale dyr som treng omgang med artsfrender. Så kan eigarane vera sosiale med kvarandre, gjerne med eit bord og eit par stolar bak mål. Hundefolk har nok å prata om, eigen hund og andre sine bikkjer. Ideen er gratis.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.