Foto: Ikkje heilt åleine om makta likevel?
Foto: Ikkje heilt åleine om makta likevel?

Med to tunger?

USA will stand with Israel, forkynte ho. Deretter sa ho at ho ville gå inn for ei to-statløysing og få slutt på krigen i Gaza.

Av: Svein Grødaland.

Kamala Harris talte til det demokratiske landsmøtet i natt. USA will stand with Israel, forkynte ho. Deretter sa ho at ho ville gå inn for ei to-statløysing og få slutt på krigen i Gaza.

Kan desse to tinga kombinerast?

Så ville ho halda oppe engasjementet i Ukraina. Også det til stor jubel frå forsamlinga.

Eg har antyda at kanskje er Donald Trump eit bedre alternativ, basert på akkurat desse to sakene. Kamala Harris vil halda fram med den vanvittige utanrikspolitikken USA har praktisert gjennom fleire presidentperiodar. Den regelbaserte ordenen er ingen ting anna enn at kloden skal dansa etter USA si pipe. Dei som nektar, bryt denne ordenen.

Ta tilfellet Libya og Gadaffi. Libya var både eit diktatur og ein godt organisert velferdstat. Mange US-amerikanarar ville hatt det bedre som borgarar i Libya under Gadaffi.

Feilen Libya gjorde, var å tråkka USA på tærne. Libya var frekke nok til å utfordra USA på økonomi. Gadaffi ville etablera ein felles afrikansk valuta. Kanskje dette var starten til BRICKS? Denne gruppa arbeider med det same, ein felles valuta som alternativ til US-dollaren. USA sitt svar: Senda marinen til område utanfor Kina og India. Så startar dei forteljinga om at det demokratiske Taiwan er truga av det kommunistiske Kina. Det faktum at USA har anerkjent at Taiwan er ein del av Kina, vert sopt elegant under teppet. USA har eit eige opplegg mot Russland via Ukraina.

Kor lenge skal me akseptera at USA har tentaklene sine over alt? Når norske media jublar for Kamala Harris, jublar dei for meir av det same, meir krig, meir infiltrasjon, meir intriger.

Trump kallar heller ikkje på den store begeistringa. Men han har mumla om å redusera engasjementet i Europa. Det er godt nytt. Men ikkje for våre oberstløytnantar og militaristar. Dei vil ha meir våpen.

Spørsmålet er berre dette: Kva i all verda skal dei med våpen når det manglar mannskap, personell, soldatar, befal? Forsvarets Forum melder alt nå om kriser, både på sjøen og på rekruttskulane.

Min konklusjon er at dette ikkje heng i hop. Plagsomme fakta vert dekka av tom retorikk på politisk nivå.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.