...
Foto: Naboen sin hund ...
Foto: Naboen sin hund ...

Skrivaren sin klagesong

Skrivinga tillet meg å setja ein del ting i system, og hjelper meg til å halda orden i tankane.

Av: Svein Grødaland

Det er eit par karar som irriterer. Dei kverulerer på detaljer, ofte langt frå sjølve ideen frå min trådstart. Kortversjon: Kall meg idiot, og du vert blokkert.

Når eg skriv om kontroversielle saker, kan desse karane (for dei er alle menn) finna på å dukka opp, dersom dei ikkje har viktigare ting å gjera. Dei filer på formuleringar og dreg fram det main stream våset eg prøver å vera ein motpost mot.

Lange, saklege innlegg, der alle fakta er dokumentert, er ikkje mi greie. Eg er amatørfilosofen som tenkjer, funderar, og stundom kjem til ny erkjenning. Så prøver eg å halda meg etter det rådet eg fekk av min redaktør: Skriv så enkelt at naboen sin hund kan lesa det, med utbytte. Naboen sin hund er alltid dummare enn min.

Eg brukar diverse kjelder, som NRK, Forsvarets Forum, Steigan, Politikus, Derimot. Det eg skriv, har dekning i minst ei av desse kjeldene.

Dei tre siste brukar eit breidt utvalg skribentar, medan NRK og FF stort sett er sjølvforsynt med fakta og kommentatorar.

I tillegg er det ein del skribentar på Facebook eg les med stort utbytte.

Det er berre unntaksvis eg refererer til kjelde. Andre skribentar gjer det bedre og grundigare enn eg. Mitt bidrag er mine funderingar over ymse tema. Skrivinga tillet meg å setja ein del ting i system, og hjelper meg til å halda orden i tankane.

Det kan godt henda eg endrar meining, enten fordi eg har nye opplysningar, eller at situasjonen har endra seg.

Loading

Siste fra Blog

Denne websiden bruker informasjonskapsler til funksjonalitet. Ved å gå videre aksepterer du bruken av disse.